Om prosjektet

oversiktskartLysevegen vil avløyse dagens E39 frå Skjoldskiftet ved Nesttun til Os.
Lysevegen blir nesten 17 km lang. 13 kilometer går i tunnel. I tillegg omfattar prosjektet 13 km ny fylkesveg med gang- og sykkelveg.

Kryss i Rådal

Kryss i Rådal

Presentasjon
Den nye vegen (sett ifrå nord) starter ved «Nordås møbler» på Nordås ved at Fritz Riebers veg vert ført inn i tunnel under Nordås. Trafikk til Sandsli, Kokstad, Hjellestad og Bergen lufthamn Flesland vil køyre av til høgre inne i tunnelen og komme ut i dagen og blir kopla på dagens veg ved golfbana

Kryss i Endelausemarka

Kryss i Endelausemarka

Sjå kartet som pdf ved å høgreklikke og velje opne eller lagre.

Kryss ved Svegatjørn

Kryss ved Svegatjørn

Hovudvegen inne i tunnelen vil gå i svak kurve til venstre og krysse Fanavegen om lag ved butikken «Bygger’n». Her går vegen inn i ny tunnel under Titlestadvassdraget og opp igjen i Endelausemarka. Her vert det mogeleg å svinge av i retning til Lysekloster og Drange. Hovudvegen fortsetter i ny tunnel mot Os, nærare bestemt ved Svegatjørn – om lag ved dagens rundkøyring.
Trafikk frå Bergen lufthamn Flesland, Kokstad og Sandsliområdet som skal mot nord, blir ført i ny tunnel som går separat. Denne tunnelen kjem i dagen eit stykke nord for Bybanetraséen. (kartutsnitt)

Sjå bildemontasjar frå Statens Vegvesen her ->

Fordelar med Lysevegen

bilde aVallaheiane blir skåna for gjennomgangstrafikk, og for trafikantane blir det ein vesentleg fordel å sleppe desse krappe svingane mede stor stigning. Både trafikkmiljøet og lufta får vesentleg redusert belastning.

Fanafjellet. Foto Torbjørn WilhelmsenFanafjellet blir ikkje råka av lysevegen. Trafikken vil gå i tunnel under heile Fanafjellet med dei fine turområda.

Titlestad. Foto Torbjørn WilhelmsenTitlestad vert framleis bli den idyllen staden er i dag. Lysevegen vil gå i tunnel under Titlestad-vassdraget. Det blir bakke ned og opp for å ha trygg dekning for inntrenging av vatn frå Titlestadvantet.

Rådalskrysset. Foto Torbjørn WilhelmsenRådalskrysset blir fundamentalt endra. Trafikken mellom Bergen og Flesland/Kokstad og Sandsli vil få eigen tunnel. Dermed blir trafikken i dei tre rundkøyringane i Rådalen/Nordås redusert og gi betre framkome for dei som skal til og frå t.d. Lagunen.

Lysekloster. Foto: Torbjørn WilhelmsenLysekloster, middelalderklosteret som benediktinarane bygde på Lyse, vert ikkje uroa av ny trafikk. Det er stor avstand mellom Lysekloster og Lyseparken (Endelausemarka).