Vellukka låneopptak

Torsdag (15. oktober 2015) gjorde Lysevegen det første låneopptaket for finansiering av den nye vegen mellom Os og Bergen – E39 Lysevegen. I første omgang har selskapet lånt 150 millionar kroner i sertifikatmarknaden i seks månader til ei rente på 1,64%. Dette er av observatørar i marknaden oppfatta som er ein svært god pris – særleg ettersom dette er første låneopptaket i selskapet sin historie.

«Vi er særs godt nøgde,» seier Torbjørn Wilhelmsen som er dagleg leiar i Bergen-Os Bompengeselskap as. «Dette viser at det har lønt seg godt å informere kapitalmarknaden grundig på førehand slik at aktuelle långjevarar er trygge på prosjektet. Eg har aldri vore i tvil om at vi skulle klare å låne pengar, men prisen vi har oppnådd er svært god og tyder bra for nye låneopptak i framtida.»

Alt i alt skal bomselskapet lånefinansiere 2,6 milliardar kroner av samla byggekostnad på 6,5 milliardar kroner (2014). I framlegget til Statsbudsjett for 2016 er det likevel føresett at bomselskapet til neste år skal stille med 930 millionar kroner av samla årsproduksjon på veganlegga for om lag 1.030 millionar kroner. Den dagen vegen skal opne skal likevel fordelinga av finansieringa vere 60% på Staten og 40% på bomselskapet. Det er Bergen Capital Management som er rådgjevar for bomselskapet og som står for den direkte kontakten med kapitalmarknaden.

Til toppen av sida